Det blei etablert ei styringsgruppe med representantar frå politisk og administrativ leiing i kommunen, næringsliv og organisasjonar. Etter kvart blei ein ekstern prosjektleiar på deltid engasjert i tillegg.
Hausten 2008 tilsette Time kommune næringssjef, og arbeidet med Byutviklingsprosjektet blei lagt til denne stillinga. Samstundes blei det vedtatt at Byutviklingsprosjektet ikkje lengre skulle vera eit prosjekt, men heiter no Byutvikling og er styrt av ei gruppe oppnemnd av ordføraren. Styringsgruppa er som tidlegare representantar for frå politisk og administrativ leiing i kommunen, næringsliv og organisasjonar.
Heilt frå starten har det vore klart at det skal vera innbyggjarane i Time kommune som skal vera drivkrafta i prosjektet. Det blei derfor lagt få føringar på førehand, og alle innspel og idéar blei tekne på alvor.
Vedlagt finn de rapportar frå tidlegare arbeid og ein oversikt over dei prosjekta som det nå blir arbeidd med. Har de innspel til oppgåver og prosjekt som kan løysast i Byutviklingsgruppa så ta kontakt med næringssjefen på mail,
Rapport 2001 - 2005
Rapport 2005
Rapport 2009