God naturforvalting handlar om langsiktig fornuftig bruk og vern av naturressursar, og eventuelt restaurering av øydelagte naturområde. I dei intensivt drevne jordbruksområda på Jæren er det ei utfordring å ta vare på tilstrekkelege og varierte naturtypar som er leveområde for mangfaldet av planter, dyr og fuglar som naturleg høyrer heime her. Samstundes er det særs viktig å ta vare på gode jordbruksområde for framtidig matproduksjon
Direktoratet for naturforvaltning (DN) har det faglege ansvaret for forvaltning av natur i Norge. Kommunane er tillagt mynde for ulike naturforvaltningsoppgåver som forureining og kulturminner. Arbeidet med å ivareta ulike sider ved desse forvaltingsoppgåvene er delt mellom fleire avdelingar og fageiningar i kommunen. Opplysningar om ansvar for sakshandsaming og kontaktpersonar finn du i tilknyting til dei ulike tema nedafor:
- Fritidsfiske (fiskekort)
- Viltforvaltning
- Jegerprøva
- Motorferdsel i utmark