Bustadene er delt inn i 3 kategoriar:
- Utleigebustader som vert utleigd for eit avgrensa tidsrom - gjerne tre år.
- Omsorgsbustader som kan utleigast for eit lengre tidsrom utan bemanning.
- Omsorgsbustader, samlokaliserte bustader og bufellesskap med bemanning.
Vilkår for tildeling av kommunal bustad:
- Ha varig nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne med manglande evne til sjølv å skaffe seg eigna husvære.
- Vere sosialt vanskelegstilt utan økonomisk evne til sjølv å kjøpa eller leiga eigna husvære.
- Ha varig nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne som er slik at det er behov for særs tilpassa bustad med tilgang til døgnbemanning.
- 1. gongs etablering av flyktningar som skal busetjast i kommunen i tråd med vedtak.
Bustadene vert tildelt av eit kommunalt bustadutval som har møte ein gong i månaden. Søknadsskjema ligg i menyen til høgre. Opplysningar kan ein få ved å venda seg til servicetorget på rådhuset eller på tlf. 51776000. Her kan ein og søkje om bustønad i Husbanken.
Mellombels botilbod
Har du eit akutt bustadbehov og ikkje kan skaffe deg tak over hovudet på eiga hand, pliktar kommunen å finne eit mellombels botilbod til deg. Opplysningar om dette kan ein få ved å venda seg til NAV.