oppehoyre SjølvbetjeningDemokrati / PolitikkKunngjeringarSpørsmål og svarSamhandlingsreformen

Vinnarar av biblioteket sin spørjekonkurranse på Jærdagen

Time bibliotek hadde ein spørjekonkurranse under Jærdagen. Dei som vann konkurransen var: Jorunn E. Sætre, Regine Salte, Hilde Lende og Sverre M. Lima. Me ønskjer til lukke!

Sjå resten av artikkelen for fasiten på spørsmåla.

Kven har skrive bøkene om Rampete Robin?
Svar: Francesca Simon

Kva heiter veninna til Karsten?
Svar: Petra

Kven har skrive bøkene om Hardy-gutane?
Svar: Franklin W. Dixon

Kor føregår handlinga i boka "Øya"?
Svar: Kreta

Kva heiter hovudpersonen i Gunnar Staalesen sine krimbøker?
Svar: Varg Veum

Kva tid opnar det nye biblioteket i Time?
Svar: 17. oktober

Kor mange kvadratmeter blir det nye biblioteket?
Svar: ca 1600 m2

Kor mange bøker har biblioteket per 25. mai 2010?
Svar: ca 57.000

Kor mange filmar har biblioteket per 25. mai 2010?
Svar: 2650

Kor lenge kan du normalt låne ei bok på biblioteket?
Svar: 4 veker

Publisert av Vidar Lund. Ansvarleg Vidar Lund. Sist endra 07.06.2010
Artikkel (60)
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd