Skulen har som mål å gje barn og unge eit tilpassa opplæringstilbod i musikk- og kulturfag basert på kvalitet og glede.
Det krevs ingen forkunnskap for å få plass i kulturskulen. Tilboda er mange og varierte. Vi vonar at barn og unge i Time kommune kan finna aktivitetar og fag dei ønskjer opplæring i. Time kulturskule har ca. 550 elevplassar.
Skulen vår har lærarar som jobbar i team.
I fellesskap ønskjer vi å vera med på å tilretteleggja for at elevane får utvikla sine kreative og musiske evner.
Som ein del av undervisningsopplegget ser vi det som viktig at elevane får visa fram det dei arbeider med på ulike måtar. Derfor har vi kvart semester konsertar, førestillingar og kunstutstillingar for foreldre og andre ineresserte. I tillegg til interne og offentlege konsertar og arrangemnet, er mange av elevane med på ulike speleoppdrag for lag og organisasjonar i kommunen.
Time kulturskule si nettside.