Ordninga går ut på å levere middag på døra 2 gonger i veka - tirsdag og fredag. Middagen vert levert i ferdige porsjonar, men må varmast opp. Det vert difor tilrådd å ha tilgang til mikrobølgeovn.
Middagen skal varmast opp i 3-4 min rett før bruk og oppbevarast i kjøleskap i 0-4 grader og behandlast som ferskvarer elles.
Vilkår
Tenesta vert tildelt med vedtak etter kommunen sine retningsliner og dei vilkåra som gjeld for denne tenesta.
Forhold som det vert lagt vekt på er om søkjaren sjølv - eller ved hjelp av pårørande - er i stand til:
• å handla middagsmat.
• å tilbereda denne på ein tilfredsstillande måte.
• å setje saman eit sunt og variert kosthald.
Alle som er over 70 år kan få tildelt tenesta i kraft av sin alder.
Søknadsskjema som må fylles ut og sendast til Time kommune, P.B. 38, 4349 Bryne.