Busetjing av flyktningar

Time kommune buset flyktningar etter førespurnad frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI). Det er kommunestyret som bestemmer om kommunen skal ta imot flyktningar, og kor mange personar ein vil busetja kvart år. I perioden 2010-2012 har Time kommunestyre vedteke å busetja totalt 75 flyktningar inklusiv familiesameinte.

På høgre sida finn du mellom anna handlingsplanen vår. Du kan også sjå kva flyktningane sjølv meiner om tenestetilbodet i kommunen ved å klikka deg inn på brukarundersøkingar.

Knudaheio, Undheim
I Knudaheio, Undheim

Opplæring i norsk og samfunnsfag:

Time språkstasjon
Mor/barn-gruppa

Fleirkulturelle aktivitetar og andre tiltak:

FEMIRA internasjonale kvinnegruppe
"På tur i Time"


Kontaktinformasjon:

Time kommune har ikkje eige flyktningkontor, men baserer seg på tilretteleggjarar i kvart tenesteområde. Arbeidet med flyktningane blir koordinert av fagkonsulent i samfunn etter råd frå ei samordningsgruppe. Grunntanken i arbeidet med flyktningar i Time er hjelp til sjølvhjelp når det gjeld bruk av offentlege tenester og økonomi. Flyktningane får tenester ut frå individuelle behov, og frå same staden som andre innbyggjarar frå den dagen dei kjem.

Ta kontakt med servicetorget i Time kommune for informasjon om kontaktpersonar.

 
Publisert av Janne Berit Nese. Ansvarleg Janne Berit Nese. Sist endra 09.05.2011
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd