Oppgradering av leikeplassane er nødvendig i forhold til aktuelt lovverk med fokus på tryggleik, og vi har samtidig fokus på universell utforming i tråd med kommunen sin standard vedrørande universell tilrettelegging.
Det vidare arbeidet med oppgradering av leikeplassane vil fortsetje, i fyrste omgang ut frå prioritering av dei største og mest brukte leikeplassane ved skular og barnehagar.
Tiltakspakken 2009
På lik linje med ein del andre kommunar, fekk Time kommune midler frå staten, den såkalla tiltakspakken. Tiltakspakken vart fordelt internt i kommunen, og kr 500 000,- vart avsett til utbetring av leikeplassar. Etter ei fagleg vurdering vart det prioritert å føreta ei oppgradering ved enkelte skular og barnehagar. Nedanfor kan du sjå kva som er gjort.
Frøyland skule, Undheim skule, Hognestad skule, Lyefjell barnehage, Monsanut barnehage og Trollongane barnehage.