Avfallshandtering

Time kommune hentar inn avfall frå alle hushaldningar i kommunen.

Alle bustadeigedommar i Time kommune er omfatta av tvungen renovasjonsordning, og må betala gebyr for denne tenesta.

Avfallsordninga regulerast av Renovasjonsforskriften, som er vedteken av Time kommunestyre 12.desember 2006.

Ved planlegging og tilrettelegging av reguleringsplanar og byggeprosjekt, må Kommunalteknisk avfallsnorm nyttast.

Næringsverksemder er og plikta til å ha ei avfallsløysing for avfallet sitt, og har ein avtale med eit avfallsselskap.

Avfallet frå hushaldninga vert henta ein gong kvar 4. veke for restavfall, papiravfall og plastemballasje. Organisk avfall vert henta kvar 2. veke.

For informasjon om ruter og tømedag, samt anna informasjon om avfall, sjå i tømekalenderen.

Glas- og metallemballasje kan leverast på våre ubetente miljøstasjonar.

Anna avfall kan mellom anna leverast på Ree gjenvinningsstasjon, måndagar og torsdagar kl. 12 - 18, samt nokre laurdagar.

Ansvarleg Gladys Egeland. Sist endra 14.04.2010
Tilbake
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd