Barnehagane i Time

Vi vil tilby alle småbarnsforeldre eit godt og brukartilpassa barnehagetilbod. Det gjer vi gjennom mangfaldet av kommunale og private barnehagar som er i kommunen, til saman 21 barnehagar.

Time kommune har eit samordna opptak for alle barnehagane, både kommunale og private barnehagar. Søknadsfristen til hovudopptaket er 1. mars kvart år.

Du søkjer elektronisk om barnehageplass. Treng du hjelp til å søkja eller tilgang til datamaskin, kontakt Servicetorget 

Til elektronisk søknad om barnehageplass

Alle born som fyller 1 år seinast 31. august 2010 og som søkjer innan fristen 1. mars har lovfesta rett til barnehageplass. Dei som får plass må vera busette i kommunen når dei tek til i barnehagen.

Les meir om tilbodet i den enkelte barnehagen på nettsidene som er lista opp i høgre kant.

Vi har 3 opne barnehagar. Desse er ein møteplass for vaksne og barn som er heime på dagtid. Sjå lenker til desse på høgre kant.

Publisert av Anja Gåsland. Ansvarleg Ørjan Daltveit. Sist endra 16.08.2010
Tilbake
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd