oppehoyre SjølvbetjeningDemokrati / PolitikkKunngjeringarSpørsmål og svarSamhandlingsreformen

Folkehelse

Time kommune er partnarskapskommune for folkehelse saman med Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland. Partane skal samarbeida på ein slik måte at helsa blant innbyggjarane i Rogaland og Time vert fremma.

I Time kommune samarbeider barnehage, helsestasjon, omsorgstenesta, fritidsavdeling, planavdeling og kommuneoverlege. Målet er å leggja til rette for at det skal vere enkelt å ta gode og sunne val.

 Prosjektleiar er Anne Reidun Garpestad.


Kva er folkehelse?

Med folkehelse meiner vi dei levekår som bidreg til å fremja eller hemma god helse i befolkninga definert som : bustadforhold, økonomisk tryggleik, skule - og arbeidssituasjon, hjelp etter behov, sosial tilhørighet, ytre miljø og levevanar. (Veileder Helse i plan Vestfold fylkeskommune 2007)

Kva er folkehelsearbeid?

"Folkehelsearbeid innebærer å svekke det som medfører helserisiko, og styrke det som bidrar til god helse. De negative påvirkningsfaktorene virker helsenedbrytende, enten det er ting vi spiser eller drikker, eller befiner seg i det sosiale eller fysiske miljøet rundt oss. Positive faktorer handler blant annet om styrkende faktorer i miljøet rundt oss, om vårt forhold til våre nærmeste og de netverk vi inngår i, og hvilken grad livet oppleves å ha mening og være forutsigbart og håndterbart" Definisjonen er henta frå Stortingsmelding 16, Respet for eit sunnare Noreg.

Dette er eit tverrfagleg prosjekt. Ut frå så vide definisjonar seier det seg sjølv at arbeidet med folkehelse ikkje er noko helsetenesta i kommunen kan klare åleine. Tvert imot er det slik at kanskje berre 10 % av dei avgjerdene som har betydning for folks helse vert teke av helsearbeidarar, medan opp mot 90 % vert teke av andre tenesteområde. Ansvaret for dei best effektive tiltaka ligg som oftast på andre samfunnsområde nn helsetenesta.

Time kommune ynskjer å leggja til rette for eit systematisk og langsiktig folkehelsearbeid gjennom forankring i kommunen sitt planverk.


Her kan du lese meir om folkehelseprosjektet i Time kommune:

  1. Prosjektplan folkehelse 2011 - 2012. De kan og sjå saksframlegget til kommunestyret 06.09.11
  2. Folkehelsestatistikk
  3. Arbeid med ny regionalplan for folkehelse    
  4. Ny lov om folkehelsearbeid. Frå 01.01.2012. De kan og sjå vedteke kommuneplan for Time 2011-2022 for meir informasjon om mellom anna arbeid med fagrapport innan helse i planlegging.

Kva kan du sjølv gjere for å helsa di? Her er 3 enkle og gode råd:

1. Ver fysisk aktiv. Dagleg fysisk aktivitet gir deg ein viktig helsegevinst. For vaksne er 30 minutt om dagen, og 60 minutt for barn, alt som skal til for å få ei betre helse. Eksempel på aktivitetar: gå tur, løpe, sykle, ulike ballspel, gå til butikken eller delta på organisert trim og treningsaktivitetar. Finn det som passer DEG.

2. Fem om dagen. Mykje frukt, bær, potetar og grønsaker er sunt. Alle bør eta minst 5 om dagen. Dette kan for eksempel vera to til tre grønsaker, ei frukt/bær og litt salat.

3. Drikk vatn. Til middag og mellom måltid er vatn den beste drikken du kan få. 


For meir informasjon om kva du kan gjere for helsa di :

http://www.helsedirektoratet.no/ernaering

http://www.helsedirektoratet.no/fysiskaktivitet

http://www.1-2-30.no

 

 

 

Publisert av Janne-Berit Nese. Ansvarleg Anne Reidun Garpestad. Sist endra 13.07.2012
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd