Bryne mølle | Fotograf: Jan Thu
Bryne mølle fotograf Jan Thu
Andreas Bøe galleriet i Bryne Mølle | Fotograf: Jan Thu
Andreas Bøe galleriet fotograf Jan Thu
Andreas Bøe galleriet i Bryne Mølle | Fotograf: Jan Thu
Andreas Bøe galleriet fotograf Jan Thu

Andreas Bøe-galleriet

I 1999 gav kunstnaren Andreas Bøe ei storslått gåve til Time kommune: over 50 måleri og 20 grafiske blad. Eit vekslande utval frå denne samlinga er no utstilt i Bryne Mølle.

Andreas Bøe-samlinga inneheld for det meste kunst av Bøe, men òg av andre som han har samla gjennom åra.

"Andreas Bøes storslagne gave til Time kommune er spesiell, ikke bare ut fra sin størrelse og malerienes kustneriske kvalitet. Det faktum at kunstneren gjennom hele sitt liv har lagt til side og følgelig hatt i sin varetekt sentrale verker fra sin produksjon, har gjort det mulig for han å komponere en samling malerier som gir et usedvanlig instruktivt bilde av hans livsverk," skriv Lau Albrektsen i heftet Andreas Bøe (2004).

Andreas Bøe-galleriet ligg i andre etasje i Bryne Mølle, like ved innkøyringa til Bryne sentrum frå RV44, ved Mølledammen. Adresse: Reevegen 1.


Ustillinga er open laurdagar kl. 12.00 - 16.00, og sundagar mellom 13.00 - 17.00.


Grupper kan bestilla omvisning på
e-post:
storstova@time.kommune.no eller tlf. 51 48 14 10

Publisert av Anja Gåsland. Ansvarleg Åse Skrudland. Sist endra 07.12.2010

Relatert

 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

 

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
padlock