Fornminne

Så lenge det har vore folk i dette landet, så lenge har det vore folk på Jæren. Dei første menneska på norsk jord kom nett til denne kanten av landet, som namnet Jæren - jadar - kjem av.

Alle spor etter menneskeleg aktivitet er kulturminne. Kulturminna frå før reformasjonen, 1536, er fornminne, og alle fornminne er automatisk freda etter lov. I Time er det registrert 288 fornminne eller fornminneområde. 47 av dei er klassifiserte som høgt prioriterte. Det er mest gravhaugar, gravrøyser, tufter, geilar og gardfar. Alle er ikkje like lett synlege for eit utrent auga. Den som fer veglangs i Time kan likevel ikkje unngå å leggja merke til gravhaugane som teiknar seg av mot himmelen.

Time har eit rikt fornminnelandskap. Gravfunna er frå bronsealder (1500-500 f.Kr.) til vikingtid (800-1000 e.Kr.). Ingen stad i Rogaland er det gjort så rike gullfunn som i Time. Fornminna lista opp nedanfor er lettast tilgjengelege og tilrettelagde for publikum:

Lyngaland på Sæland
Gardsanlegg frå folkevandringstid (350-550 e.Kr.). Tufter etter to langhus, geil, brønn, gardfar, 23 større og mindre gravrøyser og over 50 rydningsrøyser. Det lengste huset har vore 64 meter langt og inndelt i fem rom. Heile området (377 da) er verna som Lyngaland landskapsvernområde.
Atkomst: RV 506 austover. Andre veg til høgre ved Melandsvatnet. Følg vegen. Første veg til høgre. Lyngaland ligg på høgre hand.

Vestly - Gamle Lye prestegard
I området rundt Lye prestegard finst ei rekke fornminne. Fornminna og oldsakene som er funne, viser at området kring Lye prestegard var eitt av sentra på Jæren i førhistorisk tid. Ei av fornminnegruppene som enno viser godt att i lendet er dei store rundhaugane.
Atkomst: FV 218 sør for RV 506 ved Lyefjell.
Fire fornminne peikar seg særleg ut, sjå oppslagstavla ved vegen Lye-Time kyrkje (FV 218):

1. Smedgrava på Olshaug
Steinsett gravkammer 4x1x1 meter i sørenden av haugen. Midt på 500-talet e.Kr. vart grava  klargjort til ein viktig person; gullsmeden på Lye. Han vart gravlagt med alt verktøyet sitt, kokekar, våpen og pyntesaker, mellom anna eit glasbeger frå Bysants. Glasbegeret var 150 år gammalt alt då og reparert med fint ornamentert gullblekk. Begeret er eit vitnemål om lokal handverkskunst og omfattande kulturpåverknad utanfrå.

2. Tingvollen
Bronsealdergrav med ei kraftig steinrekke rundt forten og avflata topp. Det tyder på at gravhaugen ikkje er forandra stort dei siste 3000 åra. Grunnen kan vera det som ligg i namnet; at plassen truleg har vore nytta som samlingsplass for offentlege samankomstar - alt frå fylkesting til rettssamling, marknad og slektsstemne.

3. Gravfeltet på Pighaug
Omfattar fire runde og tre avlange gravhaugar, i tillegg til tre steinsettingar. Ein av langhaugane og to steinsettingar vart undersøkte i 1969. I langhaugen vart det funne ei kvinnegrav og ei mannsgrav frå slutten av 600-talet e.Kr. Dei to var gravlagde saman, kvinna med fullt draktutstyr, glasperlekjede og fleire små bronsespenner, og mannen med våpen. Leirkar til matstell hadde dei begge.
I den vesle runde steinsettinga frå om lag same tida var gravutstyret fattigslegare - berre ei glasperle og eitt leirkar. Den største gravhaugen lengst nord på Pighaug er ikkje utgraven.
Atkomst: ved vegkryss RV 506 og privat veg nordaustover.

4. Langhaugane
Den spesielle forma minner om langhusa folk budde i. Langhaugane blir gjerne tolka som kvinnegraver - kvinnene fekk ein bustad i den andre verda som minte om den dei hadde levd og arbeidd i på jorda.

Hustuftene på Lyevollen
På Lyevollen har det lege minst ein gard i folkevandringstid (ca. 400-600 e.Kr.). I dag finn vi tufta etter eit langhus på over 50 meter, delt i to rom på 6 meters breidd. Ein går ut frå at huset som ein gong sto her, var av same slaget som står gjenreist på Ullandhaug: ytre steinvegger, indre trevegger og never- og torvtekt tak bore oppe av to innvendige stolperekker. Bygninga skulle gje rom for både folk og dyr, i kvar sine rom.
Den andre tufta på Lyevollen skil seg sterkt frå vanlege hustufter. Ho er oval, om lag 12x24 meter og inngjerda av steinmur. I muren er det reist fleire store steinar. Fagfolk vil ikkje seia noko sikkert om kva slags byggverk dette kan ha vore.
Atkomst: ved privat gardsveg nordvestover frå RV 506.

Ansvarleg Gunhild Hammeraas. Sist endra 22.02.2010

Relatert

 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

 

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
padlock padlock