oppehoyre SjølvbetjeningDemokrati / PolitikkKunngjeringarSpørsmål og svarSamhandlingsreformen

Helsestasjon- og skulehelseteneste i Time

Helsestasjon gjev eit gratis tilbod til gravide, til alle barn i alderen 0 - 5 år og deira familiar. Helsestasjon ønskjer å vera ein stad der foreldre kan koma med små og store problem i kvardagen.

Alle barn og unge i kommunen har krav på skulehelseteneste ved den skulen dei høyrer til.

Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonstilbodet. Helsesøster ved den enkelte skule har ansvar for skulehelsetenesta. Skulelegen er medisinsk fagleg ansvarleg for tenesta.

Helsestasjon har som formål å:

  • Fremja psykisk og fysisk helse
  • Fremja gode sosiale og miljømessige høve
  • Førebyggja sjukdommar og skader

 

Vi gjev tilbod om:

  • Svangerskapskontrollar
  • Heimebesøk
  • Helseundersøking, rettleiing og rådgjeving om barn si utvikling
  • Støtte og rettleiing i foreldrerolla
  • Vaksinasjon
  • Barselgrupper
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Støtte og hjelp til barn / familiar med spesielle behov

 

Ved helsestasjon arbeider:

Jordmor, helsesøster, helsesekretær, lege og fysioterapeut

 

Skulehelsetenesta i Time kommune

Formål:

  • Fremja psykisk og fysisk helse
  • Fremja gode sosiale og miljømessige høve
  • Førebyggja sjukdommar og skader

 

Vi gjev tilbod om:

  • Helseundersøking, helseopplysning og rettleiing individuelt, i grupper eller klassevis
  • Vaksinasjon
  • Støtte og hjelp til barn / familiar med spesielle behov
  • Tverrfagleg samarbeid. Helsesøster deltek i ressursteam ved skulen
Publisert av Anja Gåsland. Ansvarleg Liv Helga Lygren Austnaberg. Sist endra 18.03.2013
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd