Med Bryne som bysentrum på Jæren har me stort fokus på servicenæringar og kulturbaserte næringar. Jærsk pågangsmot og arbeidsvilje saman med evna til å sjå framover, har lagt grunnlaget for næringsutviklinga i Time. Etablering av konseptet "Matfatet Jæren" og nasjonalt Garborgsenter er gode døme på korleis me ynskjer å bidra til ein spennande utvikling av Jæren.
Ein regional samarbeidspartnar
Kommunane i Stavanger-regionen har lange og veletablerte samarbeidstradisjonar. Dette gjer Time til ein naturleg del av ein samordna og livskraftig næringsregion. Regionalt har me ein felles bu og arbeidsmarknad som blir utvikla og ivaretatt gjennom regionale planar innan mange felt.
Næringsarbeid i Time kommune
Kommunen ynskjer å vera ein positiv bidragsytar til auka sysselsetting og busetting. For å realisere desse tankane har me etablert ein eigen stilling som skal arbeida med næringsutvikling.
Næringssjefstillingen er plassert i skjæringspunktet mellom offentlig forvaltning og næringslivet. Ta derfor kontakt på mail dersom du:
-
Har problemstillingar du har støtt på i forhold til kommunen, som du ynskjer å drøfte
Næringssjef Reidar Hebnes
Ingeborg Skrudland
-
Ikkje veit kven du skal kontakte i samband med bedrifts-, eigedoms- og næringsutvikling
-
Har nyttige innspel og tips som berører næringsutviklinga i Time og regionen.
Nedanfor finn du link til:
Næring i Time (foldar)
Jæren produktutvikling
Skape.no etablerersenteret for Rogaland
Nyhende frå Stavangerregionen
Byutviklingsprosjektet
Få hjelp til å søkja om tilskot
Arealguiden - eit verktøy for å søkje og finne informasjon om ledige nærings- og tomtearealer i regionen