Dette har vore eit samarbeidsprosjekt i lag med 3 studentar ved Diakonhjemmet Høgskole, avd ergoterapi. Vi har brukt registreringskjema som er utarbeida av Friluftsrådenes Landsforbund og Norges Handikapforbund Trøndelag.
Det er utarbeida ein rapport frå kvart av dei 11 turområda.
Kvar rapport inneheld generell informasjon, registreringsskjema, kart, forslag til tiltak og biletdokumentasjon.
Vi håper rapporten vil vere eit nyttig verktøy for å skape endå meir tilgjengelege turområde for oss alle.