Skulen vår har som målsetting å følge opp nasjonale og kommunale overordna styringssystem for kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling. Slik kan vi få eit betre grunnlag for å vurdere om skulen er på rett veg når det gjeld å gi eit godt tilbod til elevane våre og nå måla i det omfattande samfunnsmandatet som vi har fått.
Time kommune er opptatt av god kvalitet i opplæringa av barn og unge. Vi ønsker nå å bruke et system for å sikre denne. Skulane har gode rutinar og dokument fra før. Desse blir nå sett i system og så langt det er mogleg lagt ut på internett slik at det skal vera lett tilgjengeleg for alle. Systemet skal vera slik at ein kan klikke seg fram til dei dokumenta ein ønsker å sjå. Systemet tar utgangspunkt i opplæringslova. Dei ulike paragrafane der finn ein igjen i Kvalitetssystem totalt. Vidare er det utvikla ein Kvalitetssikringsmodell, ein Evalueringsmodell, eit oversyn over kva eit møte for deltakarane i skulen kalla Kommuneårsmøtet, og til sist eit Årshjul som skal sikra framdrifta.