Avlasting: Avlasting er ei teneste for innbyggarar med omsorgstrengjande familiemedlemmer. Tenesta skal gje familien høve til regelmessig fritid og ferie.
• Søknadsskjema om omsorgstjenester.
• Registreringsskjema for personar som ynskjer å bli privat avlastarar eller besøksheim
Støttekontakt: Den som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie daglege gjeremål, kan søkja om støttekontakt. Støttekontakten skal leggja til rette for at personar som har behov for tenesta, får ei aktiv og meiningsfull fritid ilag med andre.
• Registreringsskjema for personar som ønskjer å bli støttekontakt/gruppeleiarar
Tilbod for funksjonshemma 12 - 20 år, før og etter skuletid: Tenesta skal ivareta omsorgsytar og gje praktisk hjelp og tilsyn til ungdommar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølve, eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp utanom skuletid.
Omsorgsløn: Omsorgsløn er løn til pårørande for utført omsorgsarbeid for pleietrengjande familiemedlemmer, som har eit særleg tyngjande omsorgsbehov. Kommunen sine økonomiske rammer for slikt arbeid skal styra tildelinga av omsorgsløn.
Brukarstyrt personleg assistent: Assistenten skal gi menneske med funksjonshemming praktisk/personleg hjelp i kvardagen. Brukaren av tenesta er sjølv med på å tilsetta, læra opp og leia tenesta.