oppehoyre SjølvbetjeningDemokrati / PolitikkKunngjeringarSpørsmål og svarSamhandlingsreformen

SLT

SLT (Samordning av Lokale kriminalitsforebyggende Tiltak)
SLT har sitt opphav frå Danmark tidleg på 70-talet. I Noreg starta første forsøk i 1985. Time kommune innførte SLT ordninga  etter initiativ frå Lensmann Arild Oftedal, den 19.08.03.

Alle ønskjar vi et trygt lokalsamfunn med gode oppvekstvilkår for barn og unge. Det er mange aktørar både i politiet og i kommunen som arbeider for å nå dette målet, og det er viktig å koordinere arbeidet for å få eit godt resultat.

SLT arbeidet er retta mot lokalsamfunnet, grupper og enkeltpersonar. Ei rekkje av tiltaka vi har i kommunen er av ei slik art at dei høver med intensjonen i SLT. Desse blir trekt ut i ein eigen bolk samstundes med at dei er ein naturleg del av dei samla tilboda for ein god oppvekst i Time kommune

Oppretthalde og vidareutvikle gode oppvekstvilkår for barn/unge i Time kommune.  Ivareta og gripe inn tidlig i forhold til barn/unge som utviklar eit negativt handlingsmønster Vidareutvikle et godt tverrfaglig samarbeid og ein god samhandlingsstruktur.  Førebygge rusmisbruk og kriminalitet.  KRÅD, Det kriminalitetsforebyggende råd.

SLT koordinator er barn og unges representant i plansaker. Barn og unge skal bli høyrt tidleg i planprosessar ved større utbyggingar, og SLT koordinator vil ha fokus på kriminalitetsforebygging i planprosessen. Plan- og bygningsloven fikk fra 1.juli 2009 kriminalitetsforebygging som et sjølvstendig hensyn(§3-1 bokstav f).

 

I Time kommune er Tom Olsen SLT koordinator.

Tlf: 51776219   mob : 92099052        

e-post:  tom.olsen@time.kommune.no

SLT stillinga er organisatorisk plassert i Fagstab oppvekst.

 

Linkar til relevante heimesider.

Linkar til viktige telefonnumre.

Publisert av Siri Kverneland. Ansvarleg Tom Olsen. Sist endra 08.05.2013
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd