oppehoyre SjølvbetjeningDemokrati / PolitikkKunngjeringarSpørsmål og svarSamhandlingsreformen

Demensomsorga

DEMENSOMSORG

Demens rammer heile familien. Når ein person vert ramma av demenssjukdom får det innverknad på alle i nærmiljøet. Demens er mental svikt som skuldast skade eller sjukdom i hjernen. Personar med demens vi etter kvart miste evnen til å ta vare på seg sjølv.

Demensomsorga
Demensomsorga

Vanlege symptom ved demenssjukdom er:

  • Nedsett minne spesielt for nyare data
  • Sviktande språkfunksjon t.d. ein leitar etter ord
  • Angst og depresjon
  • Sviktande evne til å utføre praktiske handlingar
  • Manglande evne til å gjenkjenne gjenstander
  • Endring av åtferd

Over 30 000 personar med demens bur i eigen heim. dei fleste får tilsyn og hjelp av eigen familie. Bare halvparten får hjelp av heimetenesta. Det er ca. 280 000 pårørande til personar med demens i Norge.   Kva tilbod kan kommmunen gje?

  • Demensteam skal vere med å sikre at alle personar med mogleg demenssjukdom vert grundig utreia.
  • Dagtilbod tilrettelagt for personar med demens
  • Heimeteneste
  • Avlasting
  • Korttidsopphald / langtidsopphald
  • Støttekontakt
  • Ergoterapi for tilrettelegging i eigen heim
  • Demensforening
  • Utlevering av middag
  • Pårørandekurs i demens

Har du spørsmål kan du ta kontakt med: Servicetorget på Rådhuset Tlf. 51 77 60 00 så formidlar dei vidare kontakt. Fagleiar på Sivdamheimen Tlf. 416 36060 eller på e.post: potmottak@time.kommune.no  

Klikk her for å sjå brosjyra om Demensomsorg i Time kommune 

 
Ansvarleg Margreta H. Clementsen. Sist endra 03.08.2011
Åpningstider: 08:00 - 15:00

Servicetorget

Telefon : 51 77 60 00
E-post :  
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd