Odd Dubland er frå Varhaug, men har i mange år budd i Dirdal, der han har både atelier og galleri. Dubland er eit svært allsidig menneske, med heilt klare mål og meiningar om og med livet sitt. Og uttrykkslista er variert: Emissær, forfattar, diktar, komponist, songar - og malar. Han har i mange år vore aktiv innan alle desse felta.
Men dei komande sundagane er det altså malarkunsten hans som skal gle dei mange som vonleg finn vegen til Fotland Mølle. Utstillinga er open sundagar kl. 12.00 - 17.00 til og med 16. september 2012.