Nytt gratis tilbod innan trening for seniorar!

Nå kan Timebuar i alderen 60 pluss sjå fram til eit nytt tilbod på treningsfronten. I alt ni utdanna seniortrenarar står klare for å hjelpa akkurat deg til ein meir aktiv kvardag. Vil du gå tur, symja, trena styrke, sykla, dansa eller liknande? Få drahjelp av ein seniortrenar, heilt gratis!

Turgåarar

Ein seniortrenar arbeider frivillig, og har gjennomført eit 12-timars kurs med aktuelle tema som førstehjelp, motivasjon og kommunikasjon, dosering i forhold til trening/styrketrening, fallførebygging med meir. Treninga vert lagt opp etter kva nivå du er på, og kva interesser du har.

Du kan lesa meir om tilbodet i brosjyren om seniortrenarar. Her finn du også namn på kontaktpersonar du kan ringja til.

 
Publisert av Janne Berit Nese. Ansvarleg Torun Auestad Rønningen. Sist endra 30.05.2012
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

 

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
padlock