Hopp over navigasjonskoblingerTime kommune

Universell utforming og tilgjenge for alle

Time og Klepp kommunar har vore pilotkommunar i regjeringa sin handlingsplan for personar med nedsett funksjonsevne, handlingplan for universell utforming 2005-2008. Miljøverndepartementet har saman med pilotkommunane laga ein rapport som viser gode eksempel og erfaringar frå alle dei 16 pilotkommunane. Rapporten er også tilgjengeleg i engelsk utgåve

Time og Klepp har fått tilbod om og takka ja til å vera med på ei vidareføring av pilotkommunesatsinga som ressurskommunar. Dette er eit prosjekt i ny handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge 2009-2013. Den nye handlingsplanen er det Barne- og likestililngsdepartementet som har ansvaret for.

Miljøverndepartementet har ansvar for ressurskommunesatsinga som skal samordnast med pilotfylke universell utforming. Rogaland er utpeika som eit av 8 pilotfylke. Hovudmålet for ressurskommunane er å formidla begeistring, kunnskap og gode døme til andre kommunar.

Time og Klepp kommunar har etablert ei arbeidsgruppe og ei styringsgruppe for prosjektet. Arbeidsgruppa består av representantar frå fylgjande fagområde: plan- og byggesak, veg, grønt, helse og kommunale bygg. Brukarane er representerte ved Råd for funksjonshemma i Klepp, og Senior- og Brukarrådet i Time. I tillegg deltek representantar frå fylkeskommune, fylkesmann og Husbanken.

Styringsgruppa består av ein politikar og ein frå administrasjonen i kvar kommune. Leiar er Helge Braut frå Klepp, og nestleiar Michael Evans frå Time.

Prosjektet er leia av Anne Reidun Garpestad, e-post: anne.reidun.garpestad@time.kommune.no.

Ressurskommune universell utforming Klepp og Time arrangerte bustadseminar 15.10.09. Seminaret var i Frøyland Orstad kyrkje og det var ca 90 påmelde. Deltakarane kom frå fleire kommunar i Rogaland, og det var tilsette frå plan og byggesak, ergoterapiavdeling, kommunal eigedom, poltikarar, tilsette i byggebransjen, arkitektfirma og representantar frå ulike brukarorganisasjonar. Nedanfor finn du foredraga frå seminaret.

Universell utforming betyr at produkt, byggverk og uteområde som er i ålmen bruk, skal utformast på ein slik måte at alle menneske skal kunne bruka dei på ein likestilt måte så langt det er muleg, utan spesielle tilpassingar eller hjelpemiddel.

Kvar dag vert det planlagt og fatta vedtak som påverkar samfunnet gjennom utforming av bygningar, uteområde og produkt. Dei fleste unge og vaksne har gode føresetnader for å meistra fysiske utfordringar, medan barn og eldre av naturlege årsaker står dårlegare rusta. Forrutan alder, kan skade eller sjukdom påverka funksjonsevna.

Du kan lesa meir om universell utforming på desse nettstadene:

Kommunal Rapport 04. juni 2009 hadde eit temahefte om universell utforming som vedlegg.

Den første temarettleiaren for universell utforming og planlegging etter plandelen i den nye plan- og bygningslova er nå gitt ut av Miljøverndepartementet. Rettleiaren gir god innføring i plan- og bygningslova sin struktur og oppbygging med tanke på universell utforming i plansamanhang.

Lurer du på kva ein universelt utforma bustad er? Sjå her! Test din eigen bustad og sjå korleis rom kan endrast.

Ved offentlege innkjøp må innkjøparar ta omsyn til universell utforming. Eit hjelpemiddel i innkjøpsprosessen finn du her.

I samband med utbyggingsprosjekt i kommunane kan kommunale saksbehandlarar, utbyggjarar og andre interesserte finna inspirasjon i hefta:

Time og Klepp har 3 politisk godkjente rettleiarar:  

Time og Klepp har gitt ut brosjyren "33 tips som kan betre tilgjenge til butikken og servieringsstaden din".

Vi har kartlagt 11 turområde i Klepp og Time. Kartlegginga finn du her.

Nedanfor finn du presentasjonar frå kurs som vi har hatt, og publikasjonar som vi har laga om universell utforming:

Her er meir informasjon om arbeidet i pilotkommunane i form av nettsider, planar og rapportar.

Det og mogleg å få lese opp informasjonen på kommunen sine sider.
Klikk på linken nedanfor: Informasjon om LeseWeb

 
Publisert av Janne Berit Nese. Ansvarleg Anne Reidun Garpestad. Sist endra 15.07.2010
Tilbake
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd