Vil du bruka biblioteket utanom opningstidene?

Er du student med eksamenspresset hengande over deg? Er du styreleiar i eit friviljug lag utan plass til styremøte? Du kan få tilgang til studie- og møterom på biblioteket utanom dei vanlege opningstidene.

Me har eitt studierom/lesesal og eitt grupperom med eigen inngang frå vestsida, dvs. kortsida mot jernbanen.

Studierommet har 6 sitjeplassar fordelt på 3 enkeltbord og eitt bord med 3 plassar. Møterommet rett innanfor har 8 sitjeplassar rundt eit møtebord. Båe romma har tilgang til trådlaust Internett.

Dersom du vil bruka dei romma når me ikkje har ope, må du tinga plass på førehand. Du må henta nykelkortet same dagen (eller dagen føre om du skal bruka rom på sundag).

Romma har tilgang til toalett.

Velkomen!

Publisert av Vidar Lund. Ansvarleg Vidar Lund. Sist endra 16.12.2013
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

 

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
padlock