oppehoyre SjølvbetjeningDemokrati / PolitikkKunngjeringarSpørsmål og svarSamhandlingsreformen

Utstillingsopning: Utsmykking av nye Time bibliotek

Onsdag 1. juni kl. 19.30 vert kunstutvalet si avgjerd om kven som skal utsmykka Time bibliotek og Garborgsenteret presentert på Time bibliotek. Både vinnaren og dei andre utkasta vert utstilte på biblioteket.

Kunstutvalet, med representantar frå arkitektane, kommunen og ein kunstkonsulent, har jobba i eit års tid med å finna rett kunstnar til å utsmykka det nye biblioteket og Garborgsenteret. No har dei gjort eit val, og både vinnarutkastet og dei andre utkasta blir utstilt på biblioteket frå 1. juni og ei veke framover.

Kunstnaren kjem til å vera der og presentera kva han/ho har tenkt.

Utsmykkinga vert støtta av Kunst i offentlege rom (KORO).

Publisert av Vidar Lund. Ansvarleg Vidar Lund. Sist endra 30.05.2011
Artikkel (61)
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd