Digitalt bibliotek

"Digitalt bibliotek" er eit omgrep me nyttar om dei digitale tilboda som finst på biblioteket, både dei som er opne for alle og dei du må sitje på våre PC-ar eller på vårt trådlause nett for å nytta. Her finn du ikkje katalogen vår, han finn du ved å trykkje på den store knappen øvst til høgre.

Publisert av Vidar Lund. Ansvarleg Vidar Lund. Sist endra 21.02.2011

Atekst
Her finn du artiklar frå 78 norske aviser og tidsskrift. Du kan søkja etter ord og emne. Mellom anna ligg VG ute frå 1946 til i dag, Aftenposten frå 1983, Stavanger Aftenblad frå 2003 og Jærbladet frå 2008. Dette er eigentleg ei betalteneste, men brukar du ein av biblioteket sine PC-ar eller vårt trådlause Internett har du fri tilgang.

Library Press Display
Her har du fri tilgang til hundrevis av aviser på 46 språk frå 93 land! Biblioteket betaler for tilgangen, du kan bruke ein av våre PC-ar eller det trådlause nettet vårt.

Bokhylla.no
Nasjonalbiblioteket skannar bøker og legg ut i fulltekst så du kan lesa på PC, lesebrett eller andre datamaskiner. Her er det fri tilgang for alle som sit på Internett i Noreg. Bøker av forfattarar som døydde for 70 år sidan eller meir kan du stort sett laste ned til di eiga maskin, medan nyare bøker berre kan lesast på sjølve nettstaden.

Aviser frå NB Digital
Nasjonalbiblioteket skannar òg gamle aviser, mellom anna er Stavanger Aftenblad mellom dei avisene som er komne lengst tilbake i tid. Denne tenesta er førebels på prøvestadiet, du har tilgang på biblioteket sine PC-ar eller trådlaust nett.

Ordnett
Biblioteket abonnerer på digitale ordbøker. Skriv inn eit ord i søkjefeltet, så får du definisjonar på bokmål og nynorsk med omsetjingar til og frå engelsk, fransk, tysk og spansk. Tilgjengeleg på biblioteket sine PC-ar og trådlause nett.

Store Norske Leksikon / Norsk Nettleksikon
Dette er den digitale utgåva av Kunnskapsforlaget sitt leksikon. I tillegg til Store Norske Leksikon inneheld nettstaden to viktige ressursar: Norsk Biografisk Leksikon og Store Medisinske Leksikon. Leksikonet er under utvikling, du kan hjelpa til med redigering. Fri tilgang.

Wikipedia på nynorsk, bokmål og engelsk
Wikipedia er eit nettleksikon som er oppstått som eit gigantisk dugnadsprosjekt. Både ekspertar, gode amatørar og ikkje fullt så gode amatørar er med og redigerer. Dette er både ein styrke og svakheit ved leksikonet, men det er gode rutinar som plukkar vekk reine sabotasjeforsøk. I motsetnad til andre leksikon blir kontroversielle artiklar merka slik at lesaren blir oppmoda til å  til å lesa kritisk. Språkvariasjonen er òg ein styrke, går du inn på ein artikkel kan du sjå alle språk han finst på og sjekka dei språka du kan.

Encyclopedia Britannica
Dette nettleksikonet er etterfølgjaren av papirutgåva. Her kan du òg vera med og redigera, men det er strengare enn på Wikipedia. Her betaler biblioteket for tilgang, du må sitje på vårt nettverk eller våre PC-ar for å ha tilgang. I tillegg til reine leksikonartiklar finn du òg ressursar frå tidsskrift og andre nettstader tilgjengeleg.

Springerlink
Dette er ei akademisk teneste med artiklar, bøker og referansar frå vitskaplege tidsskrift. Noko ligg fritt tilgjengeleg, medan det meste må bestillast. Ta kontakt med rettleiinga dersom du treng ein heil artikkel eller bok du har funne på tenesta. Me har tilgang gjennom biblioteket sine PC-ar og trådlaust nett.

ISI Web of Knowledge
Dette er òg ei akademisk teneste. Her kan du søkja etter informasjon innan dei fleste fagområde. Dette er ein siteringsindeks, det vil seia at tenesta inneheld litteraturlister frå vitskaplege artiklar. Over 10.000 tidsskrift vert analyserte. Du har tilgang gjennom biblioteket sine PC-ar eller det trådlause nettet. Dersom du ønskjer kopi av artiklar du finn her, tek du berre kontakt med oss i rettleiinga.

 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

 

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
padlock padlock