oppehoyre SjølvbetjeningDemokrati / PolitikkKunngjeringarSpørsmål og svarSamhandlingsreformen

Konsert: Varme vibbar frå Kapp Verde med Ary Morais

Ary Morais

Ary Morais, kappverdemusikar, låtskrivar og songar med tilknytning til Noreg kjem til Time bibliotek onsdag 9. februar kl 17:00

Han har budd i Oslo dei siste 15 åra. Han blandar tilgjengeleg tradisjonell og moderne musikk på ein humoristisk måte, og presenterer stilar som Coladera, Morna, Funana, Batuque og Tabanca. Musikken er engasjerande og kjenslelada.

Ary Morais jobba som profesjonell musikar i over sju år før han kom til Noreg, og har turnert i Europa med familie og med nokre av dei mest kjende musikarane i Kapp Verdes. Dei siste seks åra har Ary jobba konsistent med tradisjonell musikk med moderne vri. 

Her blir det upbeat-rytmar, heftig dansing og karnevalstemning! Ta på deg danseskor og bli med på festen!

Møt den varme musikken frå Kapp Verde!  

Inngang: kr 150 (gratis for barn)

Publisert av Vidar Lund. Ansvarleg Vidar Lund. Sist endra 07.02.2011
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd