I januar er det Garborgdagar i Time kommune

Logo Garborgdagar i TimeLogo Garborgdagar i Time

Den 25. januar 1851 vart Aadne Eivindsen Garborg fødd på Garborg i Time. Den gløgge odelsgutten skulle bli ein av våre største diktarar og samfunnsformarar, kjend både i Norge og i Europa.

"Garborg var gullalderens mest omfattende ånd, og hos ingen var som hos ham så meget forenet," seier Arnulf Øverland.

"Arne Garborg er ein forfattar som ikkje blir forelda. Romanane hans er djuptloddande og gripande, essaya hans er klåre og skarpsynte, og han slår seg aldri til ro i ein posisjon. Emna han arbeidde med er vi framleis ikkje ferdige med: religionen i moderne tid, forholdet mellom lokal/nasjonal identitet og det europeiske, korleis folk faktisk kan få politisk påverknad og makt," seier Jan Inge Sørbø. Me har ingen problem med å slutta oss til desse utsegnene.

Garborgdagar i Time legg opp til å kunna tilby eit variert og allsidig program i veka kring den 25. januar, med kveldsete på sjølve fødselsdagen som eitt av fleire høgdepunkt. Det vil vera fleire forskjellige tilbod knytta sterkare eller lausare til den store diktaren, som alle vil vera med på å halda minnet om han levande, og slik visa sanninga i Sørbøsitatet ovanfor for komande slekter.

Garborgdagar skal innehalda noko for alle, med både alvor og skjemt, både for Garborgvenner og dei me håpar skal bli det. Difor er de alle velkomne til Garborgdagar i Time!

Nedanfor finn du rapportar frå gjennomførte Garborgdagar:

Garborgdagar 2014
Garborgdagar 2013
Garborgdagar 2012
Garborgdagar 2011
 

Publisert av Janne Berit Nese. Ansvarleg Sigbjørn Reime. Sist endra 07.02.2014
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

 

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
padlock