Jæren kemnerkontor høyrer inn under økonomiavdelinga i kommunen, og utfører dei gjeremål som kommunen er pålagt etter Lov om betaling og innkrevjing av skatt, Skattebetalingslova.
-
Vi utfører eit vidt spekter av tjenester for publikum slik som:
-
Utbetaler til gode skatt etter skatteavrekning
-
Sender ut betalingskort og mottek innbetaling av skattar og avgifter fra skattytarar og næringsdrivande, og om naudsynt, tvangsinndriving av desse
-
Fører kommunen sin skatterekneskap, og syter for fordeling av skatt til dei einskilde skattekreditorane (stat, fylke, kommune og folketrygda)
-
Gir rettleiing om utfylling av løns- og trekkoppgåver med fylgjeskriv, og kontrollerar og avstemmer desse mot innbetalt.
-
Planlegg og gjennomfører rekneskapskontrollar, anten ute hjå arbeidsgjevar, eller på skatteoppkrevjarkontoret, og fylgjer opp feil som vert avdekka.
-
Handsamar spørsmål knytta til påleggstrekk, betalingsavtalar, utleggsforretningar og søknader om ettergjeving/nedsetjing av skatt. Vi har sekretærfunksjonen for skattenemnda i kommunen.
-
Førebur og gir innstilling i saker som skal handsamast på høgare nivå innafor skatteetaten.