Førarkort og sertifikat

Time kommune har ingen tenester knytt til temaet førarkort og sertifikat. Relevant informasjon og lenker finn du nedanfor og på høgre kant.

Dispensasjon frå helsekrav i samband med førarkort
Dersom du ikkje oppfyller dei helsekrava som blir stilte for å ha førarkort, vil du som hovudregel bli fratatt førarkortet. Du kan likevel få behalde eller fornye førarkortet dersom du får dispensasjon frå helsekrava. For å få dispensasjon vil det kunne bli sett krav til at det blir innført avgrensingar, f.eks. at du berre kan føre visse typar køyretøy, at køyretøyet skal ha spesialutstyr eller at førarkortet gjeld for ein avgrensa periode. Du skal også søkje om dispensasjon dersom du skal skaffe deg førarkort for første gong eller utvide det til tyngre klassar. Det blir som regel gjeve vilkår som skal oppfyllast, for eksempel at du skal bruke spesielle medisinar, ha jamnlege kontrollar hos lege osv. Du må akseptere og signere desse vilkåra.

Publisert av Anja Gåsland. Sist endra 12.08.2010
Tilbake
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd