Den norske kyrkja er ei protestantisk statskyrkje. Men alle har rett til å drive religiøs verksemd og danne eigne trus- eller livssynssamfunn. Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal ikkje vere forkynnande.
Registrerte tru- og livssynssamfunn kan få tilskot frå kommunen. Tilskotet vert rekna ut frå det kommunale tilskotet til Den norske kyrkja per statskyrkjemedlem i kommunen.