Utleige- og omsorgsbustader

Dei kommunale bustadene skal nyttast til personar som ikkje sjølv kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden og som treng hjelp til å skaffa seg eigna husvære for kortare eller lengre tid grunna helse- og sosiale vanskar.

Bustadene er delt inn i 3 kategoriar:

  • Utleigebustader som vert utleigd for eit avgrensa tidsrom - gjerne tre år.
  • Omsorgsbustader som kan utleigast for eit lengre tidsrom utan bemanning. 
  • Omsorgsbustader, samlokaliserte bustader og bufellesskap med bemanning.


Vilkår for tildeling av kommunal bustad:

  • Ha varig nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne med manglande evne til sjølv å skaffe seg eigna husvære.
  • Vere sosialt vanskelegstilt utan økonomisk evne til sjølv å kjøpa eller leiga eigna husvære.
  • Ha varig nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne som er slik at det er behov for særs tilpassa bustad med tilgang til døgnbemanning.
  • 1. gongs etablering av flyktningar som skal busetjast i kommunen i tråd med vedtak. 

Bustadene vert tildelt av eit kommunalt bustadutval som har møte ein gong i månaden. Søknadsskjema ligg i menyen til høgre. Opplysningar kan ein få ved å venda seg til servicetorget på rådhuset eller på tlf. 51776000. Her kan ein og søkje om bustønad i Husbanken.
 

Mellombels botilbod
Har du eit akutt bustadbehov og ikkje kan skaffe deg tak over hovudet på eiga hand, pliktar kommunen å finne eit mellombels botilbod til deg. Opplysningar om dette kan ein få ved å venda seg til NAV.

Publisert av Ingve Kindervaag. Sist endra 13.12.2013

Relatert

 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

 

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
padlock padlock