Opplæringslova § 9a regulerer elevane sitt skulemiljø.
"Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring"
Alle som opplever at inneklimaet eller andre forhold ved skulebygningen eller uteområdet gir ubehag, kan venda seg til skulen og be om at feil og manglar blir retta opp.
På same måten kan alle som opplever at dei vert utsette for krenkande ord og handlingar, som mobbing, vald, diskriminering, rasisme og utestenging, venda seg til skulen og be om tiltak.
Både elevar og foreldre kan be om at noko må gjerast. Ein bør be om tiltak skriftleg, men skulen må ta munnlege meldingar like alvorleg.
Dersom skulen får meldingar som gjeld skulemiljøet, skal desse meldingane behandlast etter reglane i forvaltningslova. Skulen må gjera eit enkeltvedtak om kva tiltak som skal setjast inn.
Dersom elev eller foreldre ikkje er nøgde med tiltaka, kan dei klaga.
Fylkesmannen er endeleg klageinstans.
Mobbing
I Time kommune arbeider alle skulane etter Olweusprogrammet- som er eit forskingsbasert program for å førebyggja og avdekkja mobbing.
Kvart år gjennomfører skulane mobbeundersøking, og det er innført prosedyrar for korleis ein skal handsama mobbesaker.
Vi kallar det mobbing dersom: ein eller fleire elevar seier eller gjer vonde eller ubehageleg ting mot ein annan elev. Ved mobbing skjer dette gjentatte gonger, og den som blir utsett, har vanskeleg for å forsvara seg.
Det er viktig å seia frå om mobbing. Alle har rett tile eit mobbefritt miljø!
Skulemiljøutval
Opplæringslova §§ 11 -1a og 11 - 5a seier at skular skal ha eit skulemiljøutval.
Skulemiljøutvalet skal medverka til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tar aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø.
Skulemiljøutvalet kan uttala seg om saker som gjeld skulemiljøet.
Les meir om Læringsmiljøet til elevane på www.utdanningsdirektoratet.no