Psykisk helsearbeid

Tenesta gir tilbod om hjelp og oppfølging dersom du har ei moderat til alvorleg psykisk liding og/eller eit rusproblem (sjå link til "rusvernarbeid" under tenester i menyen til høgre).

Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Skogholt ved Salsvatnet Ingve Kindervaag Psykisk helsearbeid gir individuell hjelp ut frå behov som kjem fram i søknad og vurderings-/kartleggingssamtale. Det vert lagt vekt på kor alvorleg den psykiske lidinga er, samt graden av eigenomsorg og sosial isolasjon. Yngre brukarar og brukarar med barn vert prioriterte. Det vert synt til tenestestandard som ligg i menyvalet til høgre.

Det kan og formidlast hjelp til spesialisthelsetenesta og det er eit nært samarbeid med Jæren Distriktspsykiatriske Senter (JDPS).

 

Vi treng fleire treningskontakter

Ta kontakt med oss om du er interessert i dette.

 

Besøksadresse og kontakt
Besøksadresse er Hognestadveien 41, 4340 Bryne. Resepsjonen er open for henvendelse kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00. Kontakttelefon: 51 77 60 00 (servicetorget).

Publisert av Ingve Kindervaag. Sist endra 12.12.2013

Relatert

Søknadsskjema (1)
Portal for psykisk helse (1)
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

 

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
padlock