Transporttenesta skal gje personar som er avhengige av dør-til-dør-transport, eit tilbod slik at dei kan delta i aktivitetar i nærmiljøet på lik line med befolkninga elles. TT-ordninga skal berre brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.