KOMMUNEPLAN
Kommuneplanen består av ein tekstdel og ein arealdel, og dei to delane har ulike funksjonar. Tekstdelen gjer uttrykk for visjonar og overordna mål for lokalsamfunnet og peiker på oppgåver som bør prioriterast. Denne delen gjeld for 12 år og må ta omsyn til samfunnsmessige endringar som kan skje i løpet av desse åra.
Kommuneplanen revideres kvart 4. år. Ny kommuneplan blei vedteke den 21.06.11 i kommunestyret. Sjå vedteke kommuneplan for Time 2011-2022.
Arealdelen skal samordna vern og utvikling. Her er det sett av naudsynte areal for å kunne oppnå dei ulike mål kommunen har til dømes i høve til barnehagar, skular og bustader. Arealdelen består av eit plankart med tilhøyrande føresegner og er juridisk bindande i fire år.
INTERKOMMUNAL KOMMUNEDELPLAN
Bybåndet sør er eit samarbeid mellom Sandnes, Time og Klepp kommuner. Den interkommunale kommunedelplanen for Bybåndet sør, skal i hovudsak leda fram til ein overordna plan. Denne skal i grove trekk angi nye områder for bustadar, næring og dei viktigaste elementa i transportsystemet, slik som til dømes hovudvegar, busstrasè og sykkelstamveg. For meir informasjon om prosjektet, gå inn på www.bybandetsor.no
KOMMUNEDELPLAN
Det kan utarbeidast kommunedelplanar for ulike tema eller geografiske område. Desse planane er meir detaljerte enn kommuneplanen.
REGULERINGSPLAN
Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som i detalj seier kva føremål dei ulike områda skal nyttast til.
Under kunngjeringar ligg planar som er ute til høyring og offentleg ettersyn.
For å gje innspel/merknad til desse planane, gå inn på Elektronisk sjølbetjening.
Bruk kartet om du er på jakt etter ein reguleringsplan for eit særskilt område.