Aktivitetsplikt, godt resultat etter Timemodellen

19 av 25 unge som var sosialhjelpsmottakarar i er nå over i jobb og anna arbeidsretta aktivitet etter 8 uker. 2 har vald  å takke nei til vidare sosialhjelp.

Ordninga med aktivitetsplikt for unge sosialhjelpsmottakarar under 30 år starta 1. januar 2017.  Ordninga skal hjelpa sosialhjelpsmottakarane til å prøva seg i arbeidslivet og dermed kunna forsørga seg sjølv på annan måte enn sosialhjelp.


Prosjektet Timemodellen, når det gjeld aktivitetsplikt for unge sosialhjelpsmottakarar, starta opp i februar.  Det var med 25 deltakarar i eit 8-vekers program.  Dei har plikt til å møta opp ein gong i veka og får oppgåver som dei skal utføra til neste møte.
 

Ein informerte dei blant anna om tiltaka til NAV, arbeidstreningsplassar i kommunen, og jobba aktivt med å få deltakarane inn i tiltak 5 dager i veka.


Etter 8 veker viser evalueringa at 21 av 25 personar er ute av ordninga med sosialhjelp.  19 personar er i arbeidsretta aktivitet og 2 personar har vald å takka nei til sosialhjelp.

Meir om ordninga med aktivitetsplikt 

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Sist endra 30.06.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering