VIRKSOMHETSLEDER I OMSORG TIME KOMMUNE - INSTITUSJONTENESTA
Time kommune skal styrke leiinga i omsorgstenestene og har oppretta 4 nye 100% stillingar som verksamdleiar i insititusjonstenesta.
Institusjonstenesta er fordelt på to institusjonar. Tenesta består av institusjon med korttid /rehabiliteringsavdeling, bufellesskap for demente, og institusjon langtidsplasser med heildøgns omsorg.
Kommunalområdet har i tillegg til tenesteutvikling, fokus på robust leiing , fulltidsorganisering og internkontroll.
Verksemdleiaren skal vera ein synleg leiar med det daglege driftsansvaret og oppfølginga av medarbeidarane i verksemda.
Ansvarsområde:
- Dagleg administrativt ansvar for verksemda
- Dagleg ansvar for personaloppfølginga i verksemda
- Dagleg oppfølging og ansvar for sikring av det yrkesfaglege arbeidet i eininga. Fagleg oppfølging etter instruksjon frå tenesteleiar.
- Dagleg ansvar for økonomien i verksemda
- Verksemdleiaren har eit sjølvstendig ansvar for rapportering til tenesteleiaren innan sitt arbeids- og ansvarsfelt
Kvalifikasjonar:
- Sykepleierfaglig utdanning,
- Til demensavdelingen kan vernepleier søke.
- Tilleggsutdanning innan leiarfag er ein fordel, relevant erfaring kan kompensera
- Erfaring med økonomi/ budsjettstyring
- Erfaring frå offentleg verksemd
- Fleksibel og god på samarbeid
- Evne til å motivera andre
- Kompetanse på elektroniske planleggingsverktøy og dokumentasjon
- Kunnskap om heilskapleg tenestetilbod til brukarane
- Personlig egnethet vil bli vektlagt
Me kan tilby:
•· Ein spennande arbeidsplass der kompetanse, kvalitet og service er satsingsområde
•· Nettverk med andre verksemdleiarar i omsorg
•· Fokus på faglig og personlig utvikling
•· Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar
•· Lønn etter avtale
Stillingane inngår i tenesteleiaren si leiargruppe. Verksemdleiarane deltek i Rådmannen sitt leiarforum.
Verksemdleiarane vil bli involvert i utfordringar og oppgåver i forhold til samhandlingsreforma, også interkommunale prosjekt.
Spørsmål om stillinga kan rettas til:
Institusjonstenesta: Lene Juul Hansen, tlf 51776572 / mob: 95 73 17 56
Søknadsfrist:26.08.12
Elektronisk søknad på www.time.kommune.no Oppgje arkivnr. 12/1714
Originale vitnemål og attestar leggas fram ved intervju.