Barnevernkonsulentar

Barnevernkonsulentar

Barneverntenesta i Time kommune vert i dag dreven av 14 aktive, kreative og fagleg dyktige medarbeidare, i de fleste aldrar. Tre av våre damer skal snart ut i svangerskapspermisjon, og me ønskjer i det høve å inkludera nokre entusiastiske vikarar i deira stad.

Barnevernstenesta har til saman ledig 3 ½ vikar/mellombelsstillingar som saksbehandlarar.

To 100 % stillingar og ei 50 % stilling er vikariat i tilknyting til svangerskapspermisjonar. Ei 100% stilling er ei midlertidig ekstrastilling i eit år.

Vi som arbeidar her kan tilby søkjarar eit godt og kreativt arbeidsmiljø med stor grad av tillit, omsorg og respekt, både for dei me arbeidar for, men også for kvarandre. Målsettinga for tenesta er å utføre eit godt barnevernsfagleg arbeid, og då trengs eit godt arbeidsmiljø.

Ansvarsområdar for barnevernskonsulentar:

- Saksbehandling etter Lov om barnevernstenester

- gjennomføra undersøkingar

- setja i gang, og ha oppfølging av tiltak

- delta i tverrfaglege samarbeidsfora

Barnevernskonsulentane må som minimum ha bachelor (høgskole- universitetseksamen) som barnevernspedagog eller sosionom. Ein krev i tillegg politi-/vandelsattest, og sertifikat

I tillegg til utdanning stilles følgjande krav:

- Respekt for alle som ein kjem i kontakt med gjennom arbeidet

- Arbeida målretta og sjølvstendig

- Vere reflektert i møte med barn, pårørande og samarbeidspartar

- Kunne lytte/gi konstruktiv rettleiing

- Kunne observere og rapportere det observerte

- Vere kreativ og fleksibel

- Kunne samarbeide med andre offentlege instansar

- Kunne tåle presset som er i barnevernstenesta

Kontaktperson: barnevernssjef Else Karin Bukkøy, tlf. 51 77 60 00/905 37 185 eller fagleder May Helen Mitchell

 

Søknadsfrist:  19. juni 2012

Vi ber om elektronisk søknad på www.time.kommune.no. Oppgje arkivnummer 12/1193

Det skal ikkje sendast vitnemål og attestar saman med søknaden.  Det ber vi deg ta med ved eventuelt intervju.

Publisert av Aure, Katrine. Ansvarleg Odd Magne Amdahl. Sist endra 12.06.2012

Relatert

Artikkel (179)
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

 

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
padlock