Hopp over navigasjonskoblingerTime kommune

Prosjektet: "Fulltidsorganisering i Time" 2008-2010

Nå er prosjekt Fulltidsorganisering inne i siste fase - kva har vi oppnådd?

  • Gjennomsnittstillinga har auka frå 54 % til 63 %.
  • Mange har fått auka stillingsprosent.
  • Alle tenesteeiningar utanom T6 og Rus / Psykiatri har starta med Forhandlingsturnus.

Forhandlingsturnus vil sei at tilsette forhandlar om ledige vakter. Dei kan dermed sjølv påverke si eiga arbeids- og fritid.

  • T6 har starta med langvakter (13 timar), og medleverturnus (døgnvakter).
  • Psykiatrigruppa har ingen tilsett under 50 % i sitt døgntilbod.
  • Dei som har ønske om å arbeide annakvar helg har fått dette, og får dermed auka stillingsprosent.
  • Fleire får fast stilling i 100 % i kommunen fordi tilsetjingar skjer utan fast heimel. Ein må då vere budd på å skifte arbeidsplass når eit vikariat går ut.
  • Rekrutteringsstipend for sjuke- og vernepleiarstudentar er innført. Til nå er det 11 studentar som nyttar seg av denne ordninga.
  • Time kommune har fått eit godt omdømme som lærebedrift, og Omsorg har gitt tilbod om praksisplassar til mange studentar lærlingar og elevar det siste året. Markant auke frå tidlegare år.

Mange tiltak er sett i verk, men vi har ikkje heilt nådd målet om fulltidsorganisering. Siste kartlegging viser at den gjennomsnittleg ønska stillingsprosenten blant tilsette ikkje er 100 % men 83 %.

 

Publisert av Ingve Kindervaag. Ansvarleg Margreta Hauge Clementsen. Sist endra 22.07.2010
Tilbake
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd