Kommunen har i sommar og haust eit opplegg med "Ti turar i Time 2010". Sist veke føreslo me ein tur til Snorestad - Lauvlia. Denne veka kan du leggja turen til Synesvarden.
Du kan lesa om dei andre turane her. Du kan også henta ei mappe med alle ti turane på servicetorget eller på biblioteket.
Det vert delt ut ei flott t-skjorte til dei som går alle turane. Alle som leverer inn registreringsskjemaet får ein premie, og blir med i ei trekning av fem bokpremiar.
Frist for innlevering av registreringsskjema er 01. november 2010.
God tur i jærsk natur!